Opp ein kvart million

Gode tider i olje gir sterk vekst for milliardkonsernet Omega som hadde ein omsetningsauke på 25 prosent i fjor.

Av Jon Edvardsen 

God sirkel

Rekordveksten vil ingen ende ta for gullegget i Ølensvåg som har fleire forgreiningar både nasjonalt og internasjonalt. Både i kroner og prosent toppa Omega-konsernet veksten samanlikna med 2011 då omsetninga passerte milliarden.

— Eg er godt nøgd med fjoråret. Eg trudde ikkje vi ville halde same veksttakten sidan ein må selje endå meir for å for å nå den, seier Petter Aalvik, dagleg leiar i Omega AS.

Det betyr at veksten i kroner i 2012 var endå større auke enn i 2011. I fjor auka omsetninga med nærmare 258 millionar kroner. Berre veksten i fjor var større enn heile omsetninga til Omega i 2005.

 — Vi er ei nettverksbedrift med over tusen medarbeidarar i marknaden som har eit stort kontaktnett. Når dei gjer ein god jobb og vi har gode leveransar, er det ein god sirkel som gir oss kundar. Vekst skaper difor ny vekst, forklarer Aalvik om den vedvarande høge veksttakten til selskapet.

Ser vekst

 Utsiktene i marknaden framover er om lag som vinteren over Ølensvåg, sol og skyfri himmel.

— Med ein oljepris på over 100 dollar fatet og eit høgt investeringsnivå, ligg det til rette for vekst sidan det er slike prosjekt som er marknaden vår, seier han.

 Ein oljebransje med turbofart er også eit godt matfat for leverandørane. Aalvik meiner Omega er godt rusta til å takle ytterlegare vekst.

— Veksten er dagleg drift for oss der vi må ta dei førespurnadene som kjem. Leiargruppa arbeider aktivt med å rekruttere nye tilsette, opplyser han.

I dag har selskapet 1067 tilsette der 107 har base i Ølensvåg. Omega-sjefen trur ikkje det vil stoppe der. I tillegg til veksten i Noreg ser dei også effekten av at avdelingar i utlandet har fått litt tid på baken, først og fremst Housten (10 år), men også Australia og Signapore.

Investerer i utvikling

I tillegg til dei gode tidene i olje og gass, meiner den daglege leiaren at dei får effekt av nye investeringar dei har gjort i produktutvikling. Hovudverktøyet for Omega er programvare for prosjektstyring, og dei har utvikla Pims til nye plattformer.

— Vi har jobba hardt for eit framtidsretta verktøy for nye plattformer på web og mobil, og det gleder vi oss til å vise fram i år, seier Aalvik som i tillegg til å vere dagleg leiar også er medeigar i selskapet.

Omega har nok å gjere i olje og gass i åra framover så lenge det blir investert i denne bransjen, men han meiner det er naturleg at dei også veks seg inn i andre sektorar sjølv om det ikkje blir dei store andelane av omsetninga

 

Jernbane interessant

— Det skal investerast store summar i jernbane i Noreg i åra framover. Det er eit område som kan vere interessert i våre løysingar. Folk frå oljeindustrien vil gå inn der, og dei er kjende med våre løysingar, seier han.

På oljefronten har Omega også fått nye på kundelista, blant andre svenske Lundin, Det norske oljeselskap, eit tysk selskap og rammeavtale med Odfjell Drilling.

Omega hadde ein vekst i resultatet på 4,4 prosent i fjor og landa på nærmare 41 millionar kroner etter skatt. Selskapet plasserer overskotet på bok og betalar ikkje utbytte for 2012. Omega har derimot bonusavtale for leiande tilsette.