Jobs

Jobs

Vikariat Kommunikasjonsmedarbeidar

Omega 365 Design er eit lokalt design- og kommunikasjonsbyrå som har hovudkontor i Ølensvåg, med avdelingskontor i Haugesund og på Sand. Me utviklar og designar blant anna nettsider, appar, visuelle profilar, reklamemateriell og film. Me tilbyr kommunikasjonsrådgjeving, PR-arbeid og tekstproduksjon til nett og sosiale medium, i tillegg til kursing, med mål om å gjera kundane våre meir synlege i marknaden. 

Som kommunikasjonsmedarbeidar i Omega 365 Design vil du vera ein del av kommunikasjonsavdelinga vår, som jobbar med mange spennande kundar lokalt, regionalt og nasjonalt. 

Me ser etter deg som:

  • Er sjølvgåande, strukturert og proaktiv 
  • Likar å jobbe i team 
  • Er løysingsorientert 
  • Kan skriva gode kommersielle og redaksjonelle tekstar, samt har evne til å forenkla det komplekse 
  • Er god på historieforteljing 

Har du erfaring med å ta bilete er det eit pluss. 

Kvalifikasjonar: 

  • Høgare utdanning innan journalistikk, medier og kommunikasjon eller anna relevant utdanning. 
  • Arbeidserfaring innan kommunikasjons- og innhaldsarbeid. 
  • God i engelsk, nynorsk og bokmål. 

Som kommunikasjonsmedarbeidar i Omega 365 Design vil du: 

  • Produsera innhald for kundane våre 
  • Jobba tett saman med designarar, rådgjevarar, filmprodusentar og marknadsførarar. 
  • Produsera redaksjonelle saker, saker til nettsider, pressemeldingar og andre tekstar. 
  • Produsera innhald i form av foto, salstekstar, filmsnuttar og liknande til nettsider, sosiale medium, trykte flater o.l. 
  • Gjere omsetjingsarbeid.  

Er du målretta, har kommersiell teft, er sjølvgåande og er glad i å skriva, så kan dette vera midt i blinken for deg!  

Varighet: Oppstart i vikariat til hausten - 1 år
Stilling: 100%
Lokasjon: Ølensvåg
Søknadsfrist: Fortløpande


Apply for this position
Contact
Astrid Eidhammer Hjelmeland
+4797194788

Location
Ølensvåg

Client
Omega 365 Design AS

Project
TBA

Pos ID
56328

Published
08 jul 2022